Eg er glad i høge furutrær
og berg ved sjøen
og svarte kattar (stripete kattar også)
og i deg
(sjølv om eg ikkje seier det)
Ja eg er glad i deg alt det eg kan
i deg og den fregnete nasen din
og det skal eg vere
endå om det kjem regn og sludd
og eg blir aldeles klissvåt på føtene.
-Ragnar Hovland
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar